1991 gjentar suksessen frå romjula!

Tilbake på Samvirket Scene fredag 2. august ! Frekk gitarrock med upolerte vokal-linjer som tar deg tilbake til enklare tider.

page view image

Tickets Not Available

bestellen
Es stehen keine Tickets mehr zur Verfügung
event image

Event-Informationen

                                                                        

1991 gjentar suksessen frå romjula, og er tilbake på Samvirket Scene fredag 2. august !                       

Frekk gitarrock med upolerte vokal-linjer som tar deg tilbake til enklare tider.

                       

Med si elegante musikalske innpakking viser bandet 1991 at bergensbølgja aldri var heilt ferdig med å skylje godt innover det norske musikklandskapet. Bandet har base i Bergen, men tar med seg råskapen frå Sogn og Fjordane. Musikken til 1991 er ei blanding av stadionrock, pop og skandinavisk vestkyst-rock, inspirert av store 90-talsheltar som Nirvana, Oasis, Smashing Pumpkins og Dum Dum Boys. Låtane rommar store gitar-riff, fengjande vokal-linjer og apellerer til eit breitt publikum, utan at det går ut over den musikalske integriteten.

                       

Dei første to singlane, Hodet over vann og Månar, gjekk rett innpå P3, og vart omtalt i NRK-P3 si best-akkurat-nå-spalte. Bandet ha nyleg signert med Apollon records er for tida i studio for å feridgspikre eit allereie etterlengta første album.

                       

1991 har allereie blitt ein snakkis i det bergenske musikkmiljøet. Dei har spelt på dei mest prestisjetunge musikklubbane i Bergen, som Hulen, Madam Felle og Victoria Café & Pub. 17. august spelar dei på Parksalongen i Oslo. Men først tek dei turen til Samvirket Scene.

                       

Bandet består av etablerte og erfarne musikerar som set si ære i å framføre god livemusikk, og det merkast. 1991 er kort og godt eit svinbra og allsidig liveband med stor sjangerbreidde og scenesjarm.

                       

 Torkel Eikevik - vokal og gitar                                                                                                              Sander Solaas - gitar
 Severin Sandvik - trommer                                                                                                                      Stian Brungot - bass

                       

Sjekk ut 1991 på Spotify: https://open.spotify.com/artist/4ef52pr0juLhU2mYdOU6uA?si=cpuzr- SeRPO10vvpspv-6w


Dørene opnar kl 20.30

Konsertsalen opnar kl 21.00

Det blir open bar før, under og etter konserten.

                                                       

    

Veranstalter
Samvirket Scene Fjaler