page view image

Familieframsyninga "Wake Orwell & Írranu"

- Kven er venn ? Ei leiken, poetisk og vill framsyning om venskap og frykt - frå nystarta Fjaler turnéteater !

Informasjon
event image

«Wake Orwell &  Írranu» er ei heilt ny familieframsyning fra Fjaler turnéteater, med premiere i Samvirket laurdag 23. februar. 


Seb har ein kasse med gamle leikar. Når verda utanfor vert for mykje, er det dit han rømmer. Der i kassa si har han Írranu, som liknar litt på ein støvsuger, og den vesle, fine håbbnokken. Saman med Iranu bygger Seb ein leikeskog, der det er fint å vere. Heilt til Wake Orwell kjem. For Wake Orwall er ein superhelt, som ikkje likar å leike det andre vil, og som vil være sjef og bestemme alle reglane. 


«Wake Orwell & Írranu» bygger på barnelogikk og på studier av korleis born brukar leik for å gjennomarbeide avtrykk livet gir. Kva Seb rømmer frå vert opp til publikum sin eigen assosiasjon og røynsle å avgjere. Men gjennom leiken kan vi skimte dilemma Seb står i; vanskane ved å vere liten, og ynskje fred mellom to som går imot kvarandre. 


I arbeidet med framsyninga har regissør Torkil Sandsund mellom anna studert og intervjua born i leik, ein metode som bygger vidare på arbeidet med «Karons sandkasse» av Fam Sandsund / Lie som Sandsund hadde regi på, og som vann Heddaprisen for beste barnframsyning i 2022.


«Wake Orwell &  Írranu» er ei leiken, visuell, humoristisk og poetisk familieframsyning frå born fra 5 år og oppover. 


Konsept, manus og regi: Torkil Sandsund

Manuskonsulenter: Simon og Pio 

Skodespelarar: Frida Vige Helle, Sebastian Warholm, Stian Gihle-Isaksen. 

Scenograf, kostyme og dukker: Eva Losnegård

Musikk: Peter Baden

Lysdesign: Yasin Gyltepe

Teknikk og scenografi; Jan Tjønneland. 

Produsent: Andreas Lykkebø


Produsert av Fjaler turnéteater med støtte frå Kulturdirektoratet, Fond For Lyd og Bilde og Fond for Utøvende Kunstnere. Produsert hjå Preform i Dale.