page view image

INGEBORG BREINES - FREDSKULTUR - Alternativ til Militarisering.

Folkemøter i Fjaler er so heldige å ha fått tak i Ingeborg Breines. Ho vil halde eit foredrag om Fredskultur og kva alternativ vi har til militarisering. Etter foredraget inviterer vi til ein samtale med publikum. Samtalen vert leia av Torkil Sandsund. Breines er seniorrådgiver for World Summit of Nobel Peace Laureates. Ho var direktør for Women and a Culture of Peace i UNESCO, og president i Det internasjonale fredsbyrå. Aktuell med boka Fredskultur.

Informasjon
event image

Ingeborg Breines har vore ei aktiv stemme i Fredsbevegelsen i eit langt liv, Breines er seniorrådgiver for World Summit of Nobel Peace Laureates. Ho var direktør for Women and a Culture of Peace i UNESCO, og president i Det internasjonale fredsbyrå. i 2023 kom boka Fredskultur, om fredsbevegelsens historie, og om dei alternativa til Krig som vi faktisk har. 

Vi utfordra Breines på kva ho tenkte var det mest sentrale å snakka om no - og alternativa til den massive militariseringa vi ser no og korleis snu trenden og få fredsalternativa tilbake på bordet var svaret. Vi ser fram til ein rik kveld, med med bode foredrag, samtale med publikum og kanskje visesang. 

Det vil gjerast opptak av arrangementet.