page view image

KORTE ÅR, LANGE DAGER // SAMIR MADAD (SPKRBX)

Informasjon
event image

-Ein personleg hiphop-monolog om å vere eit barn på flukt.

I ei monologframsyning krydra med eigne låtar, fortel Samir Madad om heimstaden sin i Afghanistan, om sollyset gjennom trea rundt gardsplassen og om den dramatiske reisa som varte i fleire år – og som tok han til ein bitteliten tettstad på Nordvestlandet. "Korte år, lange dager" er ei forteljing om å bli invitert på si første julefeiring og om å få seg norske besteforeldre. Om å oppdage hiphop, om å ønske seg bunad, om å bu i et kott på Helsfyr. Om ein pappa som forsvinn.

I 2001 var Samir seks år gamal og flykta i lag med mamma, pappa og storebror frå Afghanistan. Flukta varte i to år. Sidan 2003 har Samir budd i Noreg, der han jobbar som ungdomsarbeidar, musikar og fotograf. Men da pandemien banka på døra og verda stengte seg inne, pressa Afghanistan og reisa til Noreg seg framover i hjernebarken. Som vaksen, i stillheita av ein lockdown, tok han for aller første gong innover seg "kva denne kidden eigentleg har gått igjennom".

"Korte år, lange dager er politisk på et personlig nivå, medrivende, energisk, til tider lattervekkende i måten Madad med presisjon og rytme blir en emosjonell beatbox i formidlingen av historier, betraktninger, digresjoner og meninger." Dagsasvisen (terningkast 5) 

Regissør: Hedda Sandvig. Med Samir Madad. Musikk: Samir Madad, Scenograf og lysdesignar: Agnethe Tellefsen, Musikkonsulent: Beatur, Lydteknikar: Anders Siegrist Oliver. Inspisient: Cici Henriksen, Produsent: Anja O. Kjærnli Produsert av SPKRBOX Støtta av Kulturrådet, Scheiblers legat, Bergesenstiftelsen og Fritt Ord.