page view image

Mads Gilbert: Gaza 2024 - Ei menneskapt katastrofe.

Informasjon
event image

- Mads Gilbert om situasjonen i Gaza

Dr. Mads Gilbert, lege og solidaritetsarbeidar i ein mannsalder, kjem til Fjaler og Samvirket for å snakke om situasjonen på Gaza i dag. Han har skrevet to bøker om Gaza- «Øyne i Gaza» og «Natt i Gaza», og ein rekke vitenskapelege artiklar. Han er til dagleg overlege ved UNN og prof. em. ved UIT. Gilbert har under tidligare israelske aggressjonar reist inn i Gaza og stått skulder ved skulder med dei palestinske legane. Denne gangen har han fulgt den israelske bombingen fra utsida, etter at han vart nekta adgang til Gaza. Han er i tett kontakt med medisinsk personell og ledere i Gaza sitt helsevesen og har stor kunnskap om situasjonen der.
I tillegg til å gje oss eit bilete av den kritiske situasjonen i dag, vil Gilbert i ein samtale med Anna-Linnéa Rundberg setje desse handlingane inn i ein historisk og politisk kontekst.

Anna-Linnéa Rundberg er kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i Fjaler. Ho var initiativtakar bak kommunestyrevedtaket om at Fjaler ber alle innbyggarar og butikkar i kommunen om å boikotte israelske varer og tenester. Rundberg er og med i ei ny gruppe som vil arrangere folkemøter og samtaler i Samvirket framover.

Samtalen vert på engelsk slik at elevar frå UWC skal kunne delta.

Overskot for arrangementet vert donert til Aya Halabi, UWC-student frå Gaza, og hennar innsamling for å evakuere sine foreldre og tre yngre søsken frå Rafah i Gaza.

Arr. Samvirket Scene/ Folkemøter v/ Anne Linnéa Rundeberg, Ellen Indrebø, Torkil Sandsund, Rakel Ceilie Wilhelmsen Solheim, Johannes Seljebotn og Mette Helgesen 


mads